Om oss

TANKESMIA

BEDEHUSFORSAMLINGAR



Basis


Tankesmia Bedehusforsamlingar byggjer på Bibelen og Den evangelisk lutherske vedkjenninga1. På dette grunnlaget er all verksemd i tankesmia forankra.


Tankesmia arbeider på tvers av organisasjonsgrensene.


1 Den apostoliske truvedkjenning, Den nikenske truvedkjenning, Den athanasianske truvedkjenning, Den augsburgske vedkjenning og Luthers vesle katekisme.)


Føremål


1. Fremja ei kristendomsforståing forankra i vår basis og vår bedehustradisjon, med vekt på

  • Bibelen som Guds openberring, og forkynninga av dette ordet.
  • Vekkingsarven med forkynning til omvending og personleg liv i Gud
  • Heilagt samfunn, det allmenne prestedømet og frie nådegåver


2. Fremja bygging av fullverdig bibelske lokalforsamlingar basert på denne forståinga.


3. Fremja misjonsarbeidet med sine utadretta arbeidsgreiner





Fokusomåde


Tankesmia Bedehusforsamlingar vil i første rekkje søkja å fremja ei fornying i bedehusland som kan vere livskrafting og utrustar til å møta utfordringane no og i framtida, ved å

  • Skissere det det historiske og bibelske grunnlaget for forsamlingsdanning
  • Etablere malar for oppbygging av bedehusforsamlingar
  • Byggje opp og driva ein nettstad som ressurs for bedehusforsamlingar





Medlemmer i tankesmia

Njål Skrunes har vært rektor og professor ved NLA Høgskulen, har vært ansatt i IMF som evangeliserings- og studentsekretær og han har hatt en rekke tillitsverv på krets- og lokalplan i IMF. Han har utgitt en rekke bøker og artikler med teologisk og pedagogiske innhold. I dag har han en deltidsstilling ved NLA Høgskolen og er fritidsforkynner.

Bård Hauge er styreleiar for Askøy Misjonsforsamling (NLM), som driv arbeid ut frå Kleppe bedehus på Askøy. Han har budd på Askøy i 20 år, og har i denne tida vore med som leiar i ulike greiner av NLM sitt arbeid på øya. Han var misjonær for NLM i Japan 1980-84, 1985-89, 1990-96 og 2006-2008, og har arbeidd i studieadministrasjonen på NLA Høgskolen i 12 år. Rektor på Danielsen Videregående Skole i Bergen i perioden 2010-2017, før han gjekk av med pensjon. Bård Hauge er cand. theol. frå MF og misjonskandidat frå Misjonsskolen på Fjellhaug. Han er fritidsforkynnar for NLM i Region Vest.

Ruben Dyrhovden er aktiv i Betlehem, Indremisjonsforbundet si forsamling i Bergen,  og i Samnanger Misjonsforsamling der han er vaksen opp. Som student var han i 2 år med i styret for ungdomsarbeidet i Salem, NLM si forsamling i Bergen. Han arbeider som lege ved Haukeland Universitetssjukehus.

Tankesmia bedehusforsamlingar